Posted by: heddz | June 7, 2010

Oppsummering

I dag har me dei to siste media timane for i år, derfor skal eg skriva ei lita oppsummering om året og korleis/kva eg har brukt bloggen til. Bloggen har vore ein stor del av undervisningen, der me har jobba med å lage ulike medie produkt, tekstar og oppgåver som me seinare har lagt ut på bloggen. Me har vurdert oss sjølve/gruppa, og arbeidet me har gjort – til dømes med eshowe kampanjen. Det er ganske så lærerikt i grunn.

Me har laga animasjonsfilm, skreve tekstar om t.d minoritets- og majoritetsbefolkning, lagt ut oppgåver me har jobba med osv. I tillegg har me sett på kva Kongsberg vgs har dreve med og gitt kommentarer på deira arbeid. Det same har dei. Eg tykkjer det er ein interessant og morosam måte å lære på. Me får tilbakemelding på arbeidet vårt, noko eg trur hjelp oss ganske mykje.

Eg tykkjer det har vore positivt med blogg, fordi me lærer å evaluere både oss sjølv og andre. Dette kjem eg garrantert til å ha nytte av i seinare liv. Det at me har ei bloggliste over alle i klassen er ganske greit slik at me kan gå innpå å sjå kva dei andre har gjort, dersom me treng det. Det har vore eit lærerikt år, der me har lært mykje nytt. Me har jobba på andre måter enn eg er vand med, dette har vore positivt og gitt meg meir erfaring. Det har vore eit bra siste år!

No er det berre 9 dagar igjen av skulen, det er trist, men samstundes herlig.

Takk for meg:)

Posted by: heddz | April 13, 2010

Bloggkommentar

Vi har fått i oppgåve av læraren å kommentera ein mediablogg til elevar ved Kongsberg vgs. Dei har skrevet om informasjonskløfter, og det var det vi skulle kommentere. Eg valgte ein blogg som tilhørte ei jente ved namn Julie, dette skreiv eg;

heddz sa…

God innleiing, du presenterer det du skal skrive om, og gjer det oversiktelig. Bra du tar med definisjon slik at lesaren blir meir bevisst på kva oppgåva går ut på. Ganske kort tekst,med litt for brå avsluttning. Du bør kanskje vere litt meir presis og ikkje bruke ordet “ting” ;”sitter alle igjen med ting på ulike måter.”
Elles bra;)

12. april 2010 01.31

Hennar blogg;

http://sorriso-bonito.blogspot.com/2010/02/det-digitale-mediesamfunnet-frste.html#comments

Posted by: heddz | February 16, 2010

Animasjonsfilm

Eg, Ida og Siri har laga ein animasjonsfilm på http://www.goanimate.com. Tema vårt for filmen var utgangspunktet i det me hadde prøve om i sist veke. Korleis minoritetsgrupper og majoritetsgrupper vert fremstilt i media. Her er resultatet 😀

Posted by: heddz | February 2, 2010

Majoritetsbefolkning vs minoritetsbefolkning

I denne teksten skal eg skriva om media sin rolle med omsyn til  majoritet- og minoritetsbefolkning i det fleirkulturelle samfunnet. Når eg søker på majoritet i wikipedia kjem det opp at det er fleirtalet i eit samfunn, medan når eg søker på minoritet kjem det opp at dette er mindre enn 50% av befolkninga i eit samfunn. Ofte vert ulike grupper innan minoritetsgruppa kalla urbefolkning. Det er dette eg skal fokusera mest på.

Urbefolkning er eit døme på ei minoritetsbefolkning. Sjølvsagt finnest det alltid unntak, men for det hovudsak er det ofte dei som er minoritets gruppa. ”Urbefolkning kan defineres som en politisk ikkje-dominerende opprinnelig befolkningsgruppe i et område” (Asbjørnsen m.fl. 2007,  s.113). I og med at dei er i mindretal, er det vanskelegare for dei å fremja saker. ”Alle er preget av å være minoritetsgrupper i befolkningen, og majoriteten, representert av staten, har stor råderett over deres livsbetingelser, økonomisk, politisk og kulturelt” (Asbjørnsen m.fl. 2007, s 114). 

”Eigne urbefolkningsmedier er av stor betydning både for å ta opp saker som angår urinnbyggere spesielt, for å vedlikeholde språk og kultur, og som kanal for interesser og kampsaker. Mediene er viktige for å fremme økt selvbestemmelse og urbefolknings ytringsfrihet” (Asbjørnsen m.fl. 2007, s 114).

Ofte har dei ulike folkegruppene ulike meiningar og ulike syn på korleis samfunnet kan bli betre, korleis det burde bli styrd og andre forskjellige saker som eksisterer innanfor samfunnet. Derfor kan media vera med på å fremje minoritetsbefolkninga sin meining.

Det at media eksisterer, gjer det lettare for alle å bli høyrd. I 1873 vart den første samiske avisa starta. ”Det var en milepæl og et stort løft for samisk journalistikk da det ble etablert en egen samisk journalistutdanning i 2000 ved den samiske høgskolen i Guovdageaidnu” (Asbjørnsen m.fl. 2007, s 114).  I det store og det heile har media noko å seie for både majoritets- og minoritetsbefolkningane. Som tidlegare nemnd i teksten, er til dømes aviser eit godt hjelpemiddel for å fremja saka di og få andre til å sjå på den med eit nytt perspektiv.

Litteraturliste:

Asbjørnsen, Dag m.fl: Mediemøte2, Aschehoug 2007.

Wikipedia.no; ”Minoritet”

http://no.wikipedia.org/wiki/Minoritet . Lasta ned 1.februar 2010.

Wikipedia.no; ”Majoritet”

http://no.wikipedia.org/wiki/Majoritet. Lasta ned 1.februar 2010.

Posted by: heddz | January 14, 2010

Medieoppleving

Eg var ute med venninnene mine, også skulle vi på gitarkameratane konsert. Då me kom ned, spurte Sogn Avis om dei kunne få ta bilete av oss. Og det fekk dei. Dagen etterpå kom det bilete av oss på nett avisa til Sogn Avis.

Posted by: heddz | November 30, 2009

Film oppgåve

Me hadde heildag i media der me fekk i oppgåve å laga ein film som omhandlar ytringsfridom og personvern. Johnny Flaten var læraren vår denne dagen, og han viste oss mykje om korleis me skulle filme slik at me fekk fram bodskapen vår, og korleis filmen generelt kunne verte betre. Det første me gjorde var å laga eit manus, deretter laga me synopsis som inneber at me først lagar ein story board, det vil seie at me på ein måte lagar ei teikneserie me alle klippa, deretter finpussa me litt på manuset vårt. Alt såg ut til å gå fint, både med filming og tid disponering. Men då me skulle til å legge filmane inn på dataen for å redigera dei, skjedde det noko rart. Det gjekk ikkje å legga dei inn, uansett kva me prøvde kom det opp nokre andre filmar som ikkje låg på filmkameraet eingong. Dette var veldig synd, sidan me var den einaste gruppa som ikkje klarte å laste det opp på dataen.

Gruppa har bestemt seg for å prøve igjen,  og må dermed filmet alt på nytt! Einaste spørsmålet er om me har tid.

Posted by: heddz | November 2, 2009

Deloppgåve 1

Radioen vart brukt mykje under til dømes første verdskrigen, ”der radiovirksomheit forbeholdt krigsformål””Det blei innførd lytteforbud for private i dei fleste krigførande land.” ”I 1940 overtok tyskerene alle medier og insatte nazi-vennlege redaktørar.”( Mediemøter 2,Asbjørnsen m/fleire, kapittel 14, side149.)
 [….] dei allierte klarte [….] å sende mye propaganda på andre frekvenser”, å det førte til at tyskarane beslagla over ein halv million radioapparater. (http://no.wikipedia.org/wiki/Radiohistorie). Sjølv om dei beslagla fleire radioar, hadde folk alltids gjemt vekk nokre, og det blei sendt programmer på radiokanalane, slik at dei fekk med seg kva som skjedde under krigen.

Asbjørnsen, Dag m/fleir, Mediemøter2, Aschehoug 2007.

Wikipedia, http://no.wikipedia.org/wiki/Radiohistorie.

Refleksjon ;

Det vanskeligste med denne oppgåva var å lage den. Eg har ikkje laga noko lignandes før, så det var ei skikkeleg utfordring. Det var vanskeleg å vite kor ein skulle setje kildehenvisning osv. Men etterkvart vart det meir forståeleg og det gikk betre.

Kjeldene mine er pålitelege fordi læreboka skal byggje på truverdig kunnskap som me lærer på skulen. Internett er meir usikkert, men eg synast at det er ei påliteleg kjelde fordi alt som står, står også i lærebøker og historiebøker.

Posted by: heddz | September 15, 2009

Eshowe

barnehage unge

Posted by: heddz | September 15, 2009

Eshowe

7927_270423445166_523690166_8538362_8097420_n

Posted by: heddz | September 15, 2009

Eshowe

Bilder tatt i Afrika, eshoweunger i eshowe

Older Posts »

Categories