Me hadde heildag i media der me fekk i oppgåve å laga ein film som omhandlar ytringsfridom og personvern. Johnny Flaten var læraren vår denne dagen, og han viste oss mykje om korleis me skulle filme slik at me fekk fram bodskapen vår, og korleis filmen generelt kunne verte betre. Det første me gjorde var å laga eit manus, deretter laga me synopsis som inneber at me først lagar ein story board, det vil seie at me på ein måte lagar ei teikneserie me alle klippa, deretter finpussa me litt på manuset vårt. Alt såg ut til å gå fint, både med filming og tid disponering. Men då me skulle til å legge filmane inn på dataen for å redigera dei, skjedde det noko rart. Det gjekk ikkje å legga dei inn, uansett kva me prøvde kom det opp nokre andre filmar som ikkje låg på filmkameraet eingong. Dette var veldig synd, sidan me var den einaste gruppa som ikkje klarte å laste det opp på dataen.
Gruppa har bestemt seg for å prøve igjen, og må dermed filmet alt på nytt! Einaste spørsmålet er om me har tid.
Leave a Reply