Posted by: heddz | June 7, 2010

Oppsummering

I dag har me dei to siste media timane for i år, derfor skal eg skriva ei lita oppsummering om året og korleis/kva eg har brukt bloggen til. Bloggen har vore ein stor del av undervisningen, der me har jobba med å lage ulike medie produkt, tekstar og oppgåver som me seinare har lagt ut på bloggen. Me har vurdert oss sjølve/gruppa, og arbeidet me har gjort – til dømes med eshowe kampanjen. Det er ganske så lærerikt i grunn.

Me har laga animasjonsfilm, skreve tekstar om t.d minoritets- og majoritetsbefolkning, lagt ut oppgåver me har jobba med osv. I tillegg har me sett på kva Kongsberg vgs har dreve med og gitt kommentarer på deira arbeid. Det same har dei. Eg tykkjer det er ein interessant og morosam måte å lære på. Me får tilbakemelding på arbeidet vårt, noko eg trur hjelp oss ganske mykje.

Eg tykkjer det har vore positivt med blogg, fordi me lærer å evaluere både oss sjølv og andre. Dette kjem eg garrantert til å ha nytte av i seinare liv. Det at me har ei bloggliste over alle i klassen er ganske greit slik at me kan gå innpå å sjå kva dei andre har gjort, dersom me treng det. Det har vore eit lærerikt år, der me har lært mykje nytt. Me har jobba på andre måter enn eg er vand med, dette har vore positivt og gitt meg meir erfaring. Det har vore eit bra siste år!

No er det berre 9 dagar igjen av skulen, det er trist, men samstundes herlig.

Takk for meg:)


Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

Categories

%d bloggers like this: